Vinterverket
Såpeboblejente & Lykkemamma på 68º nord
Kva har du på hjartet?
27. mai 2012
Posted by den Når ting går litt trått tar eg meg i å tenkje på nynorsk. Eg føresteller meg at livet er mykje enklare på nynorsk enn kva det er på bokmål. Bokmål er som asfalt, som seigt bek som dekkar til og som forhindrar tankene i å kome fram for å vekse seg store og gode. Alt blir bedre på nynorsk der vendingane er meir lystige med røyndom og romantikk.
På nynorsk har orda en annen klang og ei anna stemning som gjer at eg får lyst til å sitja på trappa heile dagen i ullskokkar og med ei diger skål med jordbær, blåbær og fløte sjøl om det ikkje er sommer riktig enno mens snøen framleis ligg lågt i fjella på andre sia av fjorden. Nynorsk gjer meg glad. Tenk på ordet “kjærleik”. Det finnast ikkje eit bedre ord enn “kjærleik”. At noko man har kjært bli levende, som gjennom leik, og blir til kjærleik. Kjærleik. Det er så treffade, velplassert og magisk, som nynorsken i seg sjøl er.
Alt blir enklare på nynorsk. Med nynorsk i tankene pynter eg meg med alle smykker eg har, tar på meg kjole, ullsokkane og finn vakre endingar i magen som kjem fram luftvegene som latter og song, “den dag kjem aldri at eg deg gløymer, for om eg søver, eg om deg drøymer….”, og så tek eg skåla med meg ut på trappa for på nynorsk kan en gjæra det en tenkjar på sjøl om en ikkje er så stø i språket og det fortsatt blæs kaldt frå nord.
Pingback: Mellom Sykkylven, Hallingdal og Finnmark | Vinterverket